LINDA DJUPVIK, KLASSE: 2A                    

 

DEN MODIGE KJOLEN

Meditative teikneøvingar som inspirasjon til personleg vekst og utvikling av maleriske motiv.

 

OM PROSJEKTET: Eg har malt tre bilete i akryl på akvarellpapir, som viser ein kjole hengjande på ei snor mellom to knivar i måneskinn. I tillegg har eg skreve eit dikt. Bakgrunnen for motivet er sterke personlege opplevingar av prøvingar i livet. Med bileta ynskjer eg å formidle verdiane MOT og STYRKE. Deltaking på livsstyrketrening har gitt meg innblikk i meditative teikneøvingar, som har vore ein stor inspirasjon i prosjektet.

BIO: Eg tok grunnleggjande teikning og maling, pluss kreativt maleri, på Nydalen Kunstskole for ti år sidan. Fem år seinare tok eg finn din kunstneriske stemme. For to år sidan tok eg enno eit teiknekurs og tok motet til meg og søkte biletkunstutdaninga, som eg no har avslutta.

 

KONTAKTINFO

Tlf. 91164881 

E-post. linda.djupvik@online.no

 

VERKSLISTE

1.     Den modige kjolen Gul, 29,7x42, akryl på akvarellpapir

2.     Den modige kjolen Raud, 29,7x42, akryl på akvarellpapir

3.     Den modige kjolen Oransje, 29,7x42, akryl på akvarellpapir

4.     Den modige kjolen, dikt

Den modige kjolen Oransje
Den modige kjolen Gul
Den modige kjolen Raud

Den modige kjolen

 

Du som heng så elegant

mellom kraftige skaft

og blenkjande knivblad.

Du som lyser opp

i farge etter farge

natt etter natt.

Du den modige kjolen.